Pengar til sanitærbygg på Merkebekk

Drangedal kommune har fått tildelt 450.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB til bygging av nytt sanitærbygg på Merkebekk stasjon. Dette er eit viktig steg i arbeidet med å etablere ei dagsturhytte ved den populære tur- og sykkeltraséen på Kragerøbanen.

Prosjektet er ein del av Telemark fylkeskommune sitt satsingsprosjekt «Dagsturhytter i Telemark», der målet er å etablere attraktive og lett tilgjengelege turmål i heile fylket. For Drangedal har ein kome fram til at pakkbua på Merkebekk stasjon er den beste plasseringa for dagsturhytta. Her finst det alt golv, veggar og tak, og forholda ligg godt til rette for ei løysing med universell utforming – noko det også er lagt stor vekt på elles langs Kragerøbanen.

Fylkeskommunen har engasjert Feste AS og Høgde AS til å utvikle dagsturkonsepta, og det ligg no føre skisser og teikningar for den planlagde hytta. For å kunne etablere dagsturhytta må det også vere eit eigna sanitærbygg i nærleiken. Drangedal kommune har derfor arbeidd med moglegheita for å gjenreise eit sanitærbygg med same særprega eksteriør som bygget frå 1921, som tidlegare stod på området. Dei historiske fasadeteikningane ligg til grunn for prosjektet: 

Skisser av de gamle fasadene på Merkebekk stasjon

Kommunestyret har allereie slutta seg til plasseringa av dagsturhytta og har løyvt midlar til delfinansiering av nytt VA-anlegg, saman med det private andelslaget på Merkebekk. Arkitektfagleg kompetanse er no knytt til prosjektet for vidare detaljprosjektering.

Kragerøbanen er eit mykje brukt friluftsområde, både av barnehagar, skuleklassar, barn og unge på fritid, og av turgåarar generelt. Ei dagsturhytte kombinert med sanitærbygg vil vere eit viktig løft for området og bidra til både auka bruk, tryggleik og tilgjengelegheit.

Drangedal kommune ser fram til å ta prosjektet vidare i tett samarbeid med fylkeskommunen, arkitektmiljøa og frivilligheita – og takkar Sparebankstiftelsen DNB for verdifull støtte som gjer realiseringa mogleg.

Meir om utviklinga på Merkebekk friluftsområde kan du lese i denne saka frå i haust

Skisser av det planlagde sanitærbygget, basert på dei gamle teikningane: 

Skisser av nytt sanitærbygg på Merkebekk

 

Publisert: 30.03.2026
Sist endret: 30.03.2026 12:50