Merkebekk friluftslivsområde – status og vegen vidare
Har du lurt på kva som er status for Merkebekk stasjon og området rundt? Her kan du få svar.
Drangedal kommune arbeider vidare med utviklinga av Merkebekk som del av Kragerøbanen tur- og sykkelveg og det statleg sikra friluftslivsområdet knytt til denne.
Kommunedirektøren har no lagt fram si innstilling til vidare tiltak for området, som skal til behandling i formannskapet tysdag 28. oktober og seinare i kommunestyret.
Her er ei oppsummering av status og dei planlagte tiltaka:
1. Tryggare trasé for tur- og sykkelvegen Det er foreslått makeskifte av areal mellom kommunen og ein tilgrensande grunneigar. Dette vil gi ein ny og tryggare trasé frå Merkebekk stasjon til Merkebekk brygge, slik at gåande og syklande slepp å bruke fylkesvegen, men bare får ei enkel kryssing av denne.
2. Nytt vatn- og avløpsanlegg (VA) Kommunedirektøren tilrår etablering av nytt VA-anlegg med kapasitet på om lag 50 personekvivalentar. Anlegget skal driftast som eit andelslag, der også andre i området kan knytast til. Dette skal sikre trygg vassforsyning og god avløpsløysing for bygga på Merkebekk.
3. Merkebekkbua – DNT-utleigehytte Merkebekkbua, det gamle driftsbygget ved stasjonen, er no ferdig ombygd til ei enkel og universelt utforma DNT-utleigehytte med utsikt mot Toke. Hytta vil vere eit sentralt stoppunkt langs Kragerøbanen tur- og sykkelveg. Opning for utleige ventar på godkjent vatn- og avløpsløysing.
4. Dagsturhytte i pakkbua ved Merkebekk stasjon Som del av prosjektet Dagsturhytter i Telemark er det planlagt å bygge om den gamle pakkbua ved stasjonen til dagsturhytte. Tiltaket skjer i samarbeid med Telemark fylkeskommune, og skal vere universelt utforma og lett tilgjengeleg frå tur- og sykkelvegen.
5. Vidare bruk av Merkebekk stasjon Stasjonsbygningen er rydda og måla i originale fargar. Planen er å framleis bruke 2. etasje som bustad, medan 1. etasje på sikt kan tilpassast som del av DNT sitt overnattingstilbod.
Målet med tiltaka er å gjere Merkebekk til eit trygt, tilgjengeleg og attraktivt friluftsområde for alle – med gode løysingar for ferdsel, opphald og overnatting i tilknyting til Kragerøbanen tur- og sykkelveg. Med framlegget til løyving frå kommunedirektøren vil samla investeringsramme til tur- sykkelvegen frå Eskilt til Kragerø grense og tiltaka på Merkebekk være på rundt 18 millionar eks mva. Denne finansieringa er tilskot frå Miljødirektoratet, spelemidlar, Sparebankstiftelsen DNB, tilskot til tiltak i statleg sikra friluftslivsområde, Telemark Fylkeskommune og Drangedal kommune. Under 20% av finansieringa er frå Drangedal kommune.


Teikningar av den planlagte dagsturhytta på i godsrommet på Merkebekk stasjon, som er Drangedals del av prosjektet "Dagsturhytter i Telemark. (Illustrasjon: Feste Landskap/Arkitektur)


Merkebekkbua, DNT-hytte
Sist endret: 21.10.2025 15:29