Ein million i støtte til turvegprosjekt
Denne veka fekk Drangedal kommune over ein million i tilskot frå Friluftsrådenes landsforbund/Gjensidigestiftelsen til den planlagde turvegen på Doktormyra. Arbeidet med turvegen startar truleg i løpet av året.
Tilskotet på 1.050.000 kroner betyr at kommunen kan setje i gang konkret planlegging for å få realisert heile, eller mykje av, den planlagde turvegen. Turvegen er ein viktig del av utviklingsprosjektet rundt Doktormyra i sentrum.
Doktormyraprosjektet er ei heilskapleg satsing med målsetting om å etablere offentlege helsetenester, privat boligbygging og universelt utforma uteområde i Drangedal sentrum. Du kan lese meir om heile prosjektet og bakgrunnen for det her (sak frå 2024).
Turvegen knyter nærmiljøet saman
Ein universelt utforma turveg – Doktorstien – er ein sentral del av prosjektet og skal knyte saman bustader, skule, barnehage, butikkar og helsetenester i sentrum. Turvegen vil bidra til at fleire kan bu heime lenger, vere sjølvhjulpne og få tilgang til aktivitet og sosialt fellesskap i trygge omgjevnader.
Prosjektet er forankra i planarbeidet for Aldersvennleg lokalsamfunn – Drangedal, i kommunens samfunnsdel og i økonomiplanen 2025–2028.
Mål og resultat for turvegprosjektet:
• Sikre god og trygg tilgang til natur og nærfriluft for alle, særleg for personar med nedsett funksjonsevne.
• Gjere Doktormyra til ein sentral møteplass som fremjar aktivitet, trivsel og sosial inkludering.
• Utvikle og dokumentere ein ny byggemetode som kan nyttast i andre våtmarksområde.
Tiltaket:
Det skal etablerast ein ca. 600 meter lang og 2–2,5 meter brei universelt utforma turveg/boardwalk over Doktormyra. Turvegen vil vere oppbygd som flytande trekonstruksjonar med plastrøyr for oppdrift – ein metode som minimerer inngrep i naturen og gir ny kunnskap for framtidige prosjekt i liknande terreng. Langs stien planleggast det stoppestader med benkar, informasjonsskilt og aktivitetselement utforma i samarbeid med barn, unge og historielag.

Skisse over moglegheiter i området rundt Doktormyra. Turvegen kan sjåast i midten av biletet. Det L-forma bygget til høgre er ei skisse over servicebygget for helsetenester kombinert med heildøgns omsorgsplassar, som kommunen skal bygge. Dei brune bygga i front og heilt til høgre er skisser som illustrerer mogleg privat utbygging i området. Kommunen har vore i dialog med private utbyggjarar for å diskutere ulike moglegheiter for å få til det. (Illustrasjon: Asplan Viak)
Sist endret: 15.01.2026 10:07