Boligprosjekt

Innhold

Drangedal kommune har vedteke to nye stimuleringstiltak for bustadbygging for 2022

Tilskot til planlegging/prosjektering av private bustadfelt/bustader i 2022.

Drangedal kommunestyre har vedtake å gje tilskot til planlegging/prosjektering av utvalde bustadfelt/bustader i kommunen i 2022. Tilskot kan innvilgast med inntil NOK 100.000,- pr. prosjekt, men maksimalt 50% av godkjende kostnader og maksimalt NOK 10.000,- pr. planlagt bueining. Der flere grunneigarer samarbeider om utbygging kan ein vudere høgare tilskotstak.

Finansieringsramma for tilskotsordninga er kr 650.000,- avsett i budsjettet for 2022.

Tilskot vert utbetalt etter framlagd dokumentasjon av kostnader, søkjars udokumenterte arbeidsinnsats kan godkjennast som eigenandel med inntil 25 % av samla kostnader. det er en føresetnad at tiltak vert igangsett innan 6 mnd etter tilsegn og avslutta og rapportert seinast eitt år etter tilsegn.

Søknader vert hansama og prioritert i Hovedutval for plan, teknikk, næring og miljø innanfor vedtekne budsjettrammer.

Tilskotsordninga gjeld for heile kommunen, men gode prosjekt i Krokenområdet vil bli prioritert.

Det blir tildeling i to omgangar - søknadsfristar er 1. mars 2022 og 1. juni 2022.

Søknad må innehelde ei omtale av tiltaket med overslag over kostnader og finanisering.

Aktuelle søkjarar kan få nærare informasjon med å kontakte avdelingsleiear Arne Ettestad, e-post ae@drangedal.kommune.no eller mobil 951 41 500

Søknader sendast til Drangedal kommune: postmottak@drangedal.kommune.no

Kommunalt bidrag til framføring av kommunalt vatn, avløp og veg til nye bustadtiltak i Drangedal kommune

Drangedal kommune kan etter søknad bidra til framføring av kommunal veg og kommunalt vatn og avløp til nye, private bustadfelt etter søknad i 2022.

Føresetnaden er at ein vurderer det som realistisk at det blir etablert minst 5 nye bueiningar med fast busetting innan fem år.

Kommunal medverknad, i form av kommunale investeringar, avgrensast til NOK 1.000.000.- til veg og NOK 1.000.000.- til kommunalt VA pr utbyggingsprosjekt. Der fleire grunneigarar samarbeider om utbygging kan ein vurdere høgare tilskotstak.

Søknadsfristar er 1. mars 2022 og 1. juni 2022.

Ordninga gjeld for heile kommunen, men gode prosjekt i Krokenområdet vil bli prioritert. Frist for oppstart av tiltaket er eitt år etter tilsegn, frist for ferdigstilling er 2 år etter tilsegn. Kommunen set som vilkår at søkjar gjev fri grunn til både veg (8m bredde) og øvrig infrastruktur.

Søknader vert å handsame og prioritere i Hovudutval for plan, teknikk, næring og miljø innanfor vedtekne budsjettrammer, der det også kan bli sett meir spesifikke vilkår for kommunal medverknad i kvart einskild tiltak. Drangedal kommunestyre har sett av ei ramme på kr 6.000.000.- til denne ordninga i investeringsbudsjett for 2022.

Drangedal kommunestyre godkjenner at det blir etablert utbyggingsavtaler mellom kommunen og utbyggar for slike tiltak.

Søknad må innehelde ei omtale av tiltaket med overslag over kostnader og finansiering.

Aktuelle søkjarar kan få nærare informasjon ved å kontakte avdelingsleiar Arne Ettestad, epost: ae@drangedal.kommune.no , mobil: 951 41 500.

Søknader sendast til Drangedal kommune: postmottak@drangedal.kommune.no

 


Publisert: 08.02.2022 14:32
Sist endret: 08.02.2022 15:16