logo
Toppbilde. Rønnomnibben. Foto, Kjell peder haugene
overlag

Drangedal prestegjeld

Printer
Drangedal prestegjeld består av tre sokn med hver sin kirke, i tillegg til en fjellkirke i forbindelse med Gautefall alpinanlegg. Drangedal prestegjeld er en del av Bamble prosti i Agder og Telemark bispedømme.


Prost er Bente Heibø Modalsli med sete i Kragerø, biskop er Olav Skjevesland, som har sete i Kristiansand. 

Kirkekontoret
Drangedal kirkekontor har fått plass i kommunehuset. Der er det plass til sokneprest,vikarprest, kirkeverge og organist. 

Sokneprest er Arne Lauvhjell og Anne Turid Apland er vikarprest. Kirkeverge er Kjell Skarpodde. Det er to kirketjenere: Hans J. Gautefald og Olav Søstrand. Gunnar Ajer og Brita Maripuu er ansatt som organister, hver i 50% stilling.


Mer informasjon om Drangedal prestegjeld.
 

Kirkebyggene:

Kroken kyrkje
Kroken kyrkje blei bygd som kapell i 1910, og var anneks til Drangedal. Den ligger i Ytre Kroken, på garden Rød, som gav fri grunn til kyrkjegarden, som blei vigsla i 1869. Før den tid måtte ein ro eller kjøre på isen til Prestestranda. Frå 1988 har Kroken vore eige sokn.

Kroken kyrkje er ei lita sør-vendt tømmerkyrkje, med sitteplass til 156 pluss 19  på orgelgalleriet. I 1948 blei det bygd nytt tårn over inngangen, det gamle var nærmare midten. 1950 blei kyrkja måla og dekorert innvendig, med eit praktfullt glas-måleri av Finn Krafft som altarbilde. I 1987 blei ho noko ombygd, mellom anna blei preikestolen flytta og koret redusert for å gje plass til nytt sakristi. Samtidig blei benkane erstatta av stolar.

For vanlige gudstenester er Kroken kyrkje stor nok, men til dei største gravferdene, på julaftan og særlig konfirmasjons-dagen er ho alt for lita. Inngangen er tilrettelagt for rullestolar.


Drangedal kirke

Drangedal kirkeDrangedal kirke ligger fint til, ovafor Toke og midt i sentrum av Prestestranda. Ho er i tømmer, bordkledd utvendig og innvendig. Ho blei kors-kyrkje med galleri etter ombygging/nybygging rundt 1775 og rundt 1839-42, med heile 480 sitteplassar. Kyrkja fekk namnet Immanuel, men namnet har knapt vore i bruk. Preikestolen og døypefonten er frå 1842. Frå først av var det eit tårn i aust, frå 1840 blei det tårn og våpenhus i vest. Kyrkja har nå ca 350 sitteplassar (utanom galleria), etter at det er tatt bort benkar framme.

Drangedal kirke fekk nytt elektronisk orgel i 2004, det gamle orgelet er fortsatt i bruk. Takhimlinga og altartavla er etter den siste ombygginga i 1898/99.

Altarbildet er ein kopi av Adolf Tiedemand`s Oppstandelsen  frå Bragenes kirke. Kyrkja blei måla utvendig og innvendig til 225-års jubileet i 2000. Same året kom det ut ei jubileums-bok. Til 200-årsjubileet kom det eit hefte.

Inne i kyrkja henger  fire måleri av to prestepar frå slutten av 1700-talet, ein epitaf, den gamle altartavla frå 1842 og ein kopi av eit renessanse-måleri av Peters korsfestelse.


Tørdal kyrkje

Tørdal kyrkje ligger godt til det gamle bygdesenteret Bø, opp frå Bjårvatn, og det har stått fleire kjørker på same staden..

Dagens kyrkje blei bygd i 1807/08, og innvigd 1809. 200-års jubileet blir feira 19. juli i år.

Det er ei tømmerkyrkje med utvendig kledning. Tørdal kyrkje har 290 sitteplassar pluss 30 på orgelgalleriet. Kyrkjerommet er T-forma, med sakristi som tilbygg i aust. Altarveggen er svært vakkerrt dekorert, og særmerkt med preikestol-altar og veranda-galleri med to kongemonogram, C7 og F VI, over altaret.  Ein ”vanlig” preikestol har vore i bruk frå 1880-åra. Det er to altarbilde frå 1600-talet, Jesus  på korset og Jesus i Gtsemane.


Gautefall fjellkyrkje

Gautefall fjellkyrkje blei innvigd i 1997, og er eigd av alle menighetene i Bamble prosti.

Det er også sett opp to hytter for overnatting på området. Fjellkyrkja har blitt ein viktig ressurs for ungdoms- og særlig konfirmantarbeidet i distriktet.

Ved utgangen av 2005 var bygget gjeldfritt, og generalforsamlinga 2006 ga klarsignal for ny utbygging. Det er sett opp ei 6 x 6 m stor gamme (”lavvo”) nedafor hovudbygget.

Styret har vedtatt ein plan for tilbygg, som nær på vil doble flateinnhaldet. Tilbygget skal innehalde kyrkjesal med 100 sitteplassar, møterom og nytt kjøkken.

Opp mot vegen blir det klokkestupul med to klokker. Dessutan skal det byggast to nye hytter på den 10 mål store tomta. Dei siste åra har det vore ei kolossal utbygging av ski-anlegg og hyttefelt i Gautefall-området. I sesongen er det opptil 2000 menneske i bakkane, og totalt har anlegga ca 100 000 besøk årlig.

Publisert
14.04.2009
Sist endret
09.10.2009
Del |

Kontakt oss

Post og besøksadresse:
Drangedal kommune,
Gudbrandsvei 7
3750 Drangedal

Servicekontoret: 3599 7000

Chat med Servicekontoret
(man-fre kl. 09-14.00)

E-post:
Postmottak

Ordfører Karianne S. Reiten

Rådmann Jørn Chr. S. Knudsen

BEREDSKAP NAV

Drangedal E-verk Drangedalskirken

 
Facebook

 

  Webansvarlig:  Johnny Stene